Dagleg leiar Morten Helland i Vindafjord Tomteselskap AS gler seg over at det har blitt fart på tomtesalet i Vågshagen og er sal på gang andre plassar.

Oppsving for tomteselskap

Etter krevjande tider har Vindafjord Tomteselskap AS fått selt seks tomter sidan oppkapitaliseringa i 2024. Dagleg leiar Morten Helland ser lyst på kva dei kan få til framover.

Publisert Sist oppdatert

— Me har ein god posisjon og driv til å auke aktiviteten, seier dagleg leiar Morten Helland i Vindafjord Tomteselskap AS.

Vindafjord Tomteselskap er eit offentleg-privat aksjeselskap etablert i 2009, som utviklar og sel tomter og bustadprosjekt. Det blir eigd av Vindafjord kommune, Knapphus Energi, Osakongen Eiendom, Westcon Yards, Smea, Omega 365, Nappholmen, Berge Sag, MittDistrikt Invest og ingeniør Nils Reimers.

Selskapet eig 25 tomter, og i tillegg marknadsfører og sel dei Vindafjord kommune sine bustadtomter: 30 ferdig opparbeidde og 11 som manglar infrastruktur.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS