Tjerand Silde pløyer i Amerika 1909-1916.
Privat
Bygdeliv og amerikafeber
Det nærmar seg jul og mange ser fram til å kosa seg med dei
faste årbøkene til sogelaga i Etne og Vindafjord. I år kom årboka til Etne
Sogelag ut i god tid før julepakkane kan pakkast opp og bøkene er alt på plass i butikkhyllene. Årboka, som er
nummer 42 i rekkja av årbøker signert Etne Sogelag, inneheld 18 interessante
artiklar fordelt på 86 sider. Artiklane er skrivne av bygdefolk som enten deler
sine eigne minne med lesarane eller har ført i penn historiar fortalt av andre.
— Det
har vore lett å få inn artiklar og me hadde ein del artiklar liggjande over frå
i fjor. Men nå ligg det få artiklar igjen til neste år så me er glad for å få
inn meir stoff, seier Gunbjørg Ljusnes som samam med Paul Tungesvik, Margunn
Mortveit, Margunn Sandvik og Anlaug Tesdal Tungesvik har jobba med årboka.
— Me
starta arbeidet utpå vårparten og var ferdig til november. Me prøver å få med
alle krinsane i kommunen, seier ho.