Nummer to i tredje runde
NMK-førar Daniel Holten (25) har vist gode takter så langt i sesongen og leiar NM.
Etter ein andreplass i runde tre i NM i rallycross på Dokka i helga har Daniel Holten frå Vikedal auka avstanden til nummer to samanlagt. Daniel gjekk opp i leiinga i samandraget under andre runde på Vikedal motorbane og han har nå auka leiinga til nummer to, Erik Svartås, til ni poeng.
— Hovudmålet med den tredje runden var å behalda leiinga i NM, og at eg no har greidd å auka denne er eg veldig nøgd med, seier Holten.