Hans Kristin Aasheim Havreberg, Beathe Hegerland, Emma Aarak Ohm, Agnar Borren og Odd Inge Berge sikra seg medalje under NM i karate.Foto: Privat
Hans Kristin Aasheim Havreberg, Beathe Hegerland, Emma Aarak Ohm, Agnar Borren og Odd Inge Berge sikra seg medalje under NM i karate.

Medaljedryss til Etne karateklubb

Klubben i Etne sendte fem deltakarar til norgesmeisterskapet i Oslo og alle kom heim igjen med medalje. Til saman var det over 2000 konkurrentar med under meisterskapet.

Hans Kristian Åsheim Havreberg sikra seg ein gullmedalje i lettvekt herrar kamp, i tillegg til ein sølvmedalje i Kata senoir. Dette er hans sjuande gull i NM og for spelaren frå Etne blir det vidare satsing både i inn og utland. — Eg satsar mest i kamp og neste komkurranse blir Norgescup. Etter sommaren blir det kampar i utlandet, seier gullmedaljevinnaren.

Odd Inge Berge tok gull i tungvekt kamp og bronsemedalje i Kata junior. Han fekk også samanlagtpokal for raskaste siger, som kom etter 45 sekund inn i ein tre-minuttars kamprunde.

Dei tre andre bronsemedaljane gjekk til Beathe Hegerland frå Etne i klassen kamp lettvekt. Agnar Borren frå Etne fekk bronse i kamp mellomvekt herrar, og Emma Aarak Ohm frå Nedre Vats tok bronse i yngre junior kamp. Ho fekk også finaleplass i Kata.

Powered by Labrador CMS