Far og son på rulleski. Eivind og sonen Jonas Aksdal-Frette berre 9 år.
Foto: Gisle Sellevold
Litledalsvatnet rundt
Løypa er småkuppert, men for det meste å rekna som flat og det er lett å ta seg rundt dei 7,6 km kring Litledalsvatnet. Vêret var fint med opplett og tørre vegar, men det var kraftig motvind frå runding på Tesdal fram til ein kom i mål ved kraftstasjonen innerst i Litledalen. Ikkje alle såg ut som dei var skapte slik at vinden fekk tak, og vinnartida til Mats Hauge frå Haugesund IL var på 25,31.
Sjølv om deltakinga var rett så god, er det nok plass til langt fleire. Mykje tyder på at Gisle Sellevold arrangerer nok løp neste år også, og då er det berre å stille opp. Overskottet av startpengane som kjem inn går direkte til Mercy Ships, ein global hjelpeorganisasjon som brukar sjukehusskip for å gi gratis helsehjelp og samfunnsutbygging til fattige og trengjande menneske i U-land.
Litt fakta: