Gjerrig» minibank
Guri og Olav Ersland var ikkje åleine om å få for lite utbetalt av Sparebanken Vest sin minibank i Skånevik tysdag. Først tok han ut 900 kroner og deretter kona det same. Båe stod med 600 kroner i neven, medan kvitteringa viste summen som var tasta inn og som var trekt frå konto.
Eigaren av minibanken opplyser til Grannar at eit 40-tals personar som gjorde uttak måndag og tysdag, blei berørte.
— Dette skuldast ein feil som oppstod i forbindelse med etterfylling av minibanken i Skånevik. Verken minibanken i Etne eller andre minibanker Sparebanken Vest eig har vore berørte, fortel informasjonssjef Lars Ove Breivik.
Han opplyser at alle kundar som blei ramma, er identifisert, og han reknar med at summane vil vera tilbakeførte til kundane sine kontoar løpet av onsdagen.
Guri og Olav Ersland oppmodar andre som har tatt ut pengar av minibankautomaten i Skånevik dei siste dagane, om å sjekka om dei er trekte for mykje,