Thea Amdal Kvalvågnes (f.v.), Sofie Eriksen Lier, Victoria Reine Severinsen og Ida Maria Ørnes jublar for sigeren.
FOTO: PRIVAT
Gjekk til topps
gjekk i helga til topps i 4. divisjon av Norgesserien som blei arrangert av Bergen Rideklubb.
Hesten til Ida Maria Ørnes heiter Candy Apple. Sofie Eriksen Lier rei hesten That’s Spot On, Thea Amdal Kvalvågnes sin hest heiter Josephine’s Pride, mens Victoria Reine Severinsen rei hesten Jivaro van het Leliehof.
Norgesserien er ein lagkonkurranse som går over to innleiande rundar med ein avsluttande finale der dei seks beste laga får delta. Kvart lag kan bestå av fire ekvipasjar (hest og ryttar), der dei tre beste resultata blir gjeldande. Laget frå Indre Haugaland Ryttersportsklubb sto med null feilpoeng etter dei innleiande rundane og hadde dermed eit godt utgangspunkt inn i finalen.
For å kunne kåra ein vinnar av klassen måtte det omsprang til mellom fire lag. Her var ingenting avgjort før siste ekvipasje hadde kryssa målstreken. Det viste seg at dei tre som hadde ridd raskast var lag 1 frå Indre Haugaland Ryttersportsklubb.