Tribunen i Ølen var fult for å støtte eit av juniorlaga til Ølen IL.
Foto: Privat
Full tribune under siger i toppkamp
Over 200 tilskodarar tok turen til SR-Bank Stadion i Ølen for å sjå serieleiar Ølen G19-3 ta imot nærmaste utfordrar Vard 2 måndag kveld. Med 2-1-siger skapte heimelaget avstand til tittelrivalane.
Det var Ølen 3 sin sjuande siger av sju moglege på det som var ein fin og varm sommarkveld i Ølen. Det er ikkje første gong i år at ein juniorkamp trekk mange folk i Ølen. I mai tok cirka like mange turen for å sjå Ølen sine to juniorlag møtast.
God keeper og måltjuv
Heimelaget kom seigt i gang, men ein vaken keeper Jonas Heddeland hindra at dei kom under etter berre nokre få minutt. Etter 15 minutt tok Ølen 3 grep om kampen. Karl Martin Nord-Varhaug lurte av ein mann, lobba over neste, og plasserte ballen hos Casper Kvamen Clausen. Kvamen Clausen er sikker som få framfor mål, og scora sitt fjortande mål for juniorlaget i år, på berre sju kampar!