Får gå femmila
Det er meir lokal OL-spenning i vente. Chris Jespersen (30) frå Skånevik går sundagens femmil i Sotsji. Landslagsleiinga offentleggjorde laget fredag morgon, to dagar før siste OL-distanse for langrennsløparane. Det er uttaket:
Martin Johnsrud Sundby, Chris Jespersen, Petter Northug og Tord Asle Gjerdalen.
Avisa Hordland melder torsdag at vossingen Sjur Røthe har fått beskjed om at han berre er reserve under femmila sundag. Det inneber at Tord Asle Gjerdalen er valt framfor Røthe.
håpar å kjempa om medalje
Ifylgje Hordaland er Røthe svært skuffa over å bli vraka til fordel for ein løpar han stort sett har slått kvar gong i det siste. I frustrasjon har han vurdert å reisa heim frå Sotsji, men etter å ha søkt råd hos blant andre Kirsten Skjeldal, har vossingen valt å bli verande. Som reserve er det eit lite håp om å få gå likevel.
Medaljehåp
OL-femmila går i skøyting, og dette er siste sjanse for dei norske herreløparane å ta gull i eit lengre renn under leikane. Jespersen beherskar båe teknikkar like godt, og kan med ein god dag og gode ski, gjera det godt. Forma blir rapportert å vera bra.
— Går eg så håper eg å kjempa om medalje, uttaler skihelten frå Skånevik i ei tekstmelding til Grannar.
Frå før har Chris Jespersen ein sjetteplass i 15 km klassisk og ein fjerdeplass i stafetten under sin aller første OL.
Femmila startar kl 08.00 norsk tid, så her gjeld det å vera tidleg på beina under siste OL-dag.