Avslutta med sigrar

Då er årets lokale fotballsesong historie, og for Etne og Ølen blir det nytt opphald i 5. divisjon. Der får dei fylgje av Vats 94 Skjoldar som måtte bita i det sure eplet trass heimesiger i siste kamp, og erkjenna at nedrykket var eit faktum.

Ølen landa på 4. plass i 5. divisjon, mens Etne plasserte seg like bak på 5. plass. Skånevik kom på ein 11.plass, og det var avgjort alt før siste serierunde at laget kjem til å spela neste sesong i 6.divisjon.

Ølen hadde laurdag besøk av Falkeid frå Tysvær i siste runde og i dommaren sin protokoll stod det heile 8-0 ved kampslutt. Målkalaset begynte alt etter elleve minutt då Leif Rørtveit Vestbø sette ballen bak Falkeid-keeperen. Dani Johansen la på til 2-0 før pause. Etter sidebytte presenterte fire ny målskårarar seg: Magne Christiansen, Faris Dzamalija (2), Joakim Wich Søraas, og Per Skjæveland (2).

Også Etne hadde besøk frå Tysvær, og serievinnar Stegaberg hadde alt helga før feira opprykket til 4. divisjon. Heimlaget vann 5-2 etter at det stod 1-1 ved pause.

Skånevik avslutta med tap 1-2 på heimebane mot Karmsund.

Powered by Labrador CMS