Driftsleiar i Mowi, Asle Lægreid fortalte om drifta til frukostgjestene.Foto: Grethe Hopland Ravn
Driftsleiar i Mowi, Asle Lægreid fortalte om drifta til frukostgjestene.
Slik kan det bli sjåande ut på Fikse om nokre få år.Illustrasjonsfoto
Slik kan det bli sjåande ut på Fikse om nokre få år.Illustrasjonsfoto
36 personar var med på frukosten som blei arrangert på Fugl Fønix fredag morgon.Foto: Grethe Hopland Ravn
Det skal bli arrangert ein kraftkvelds på Fugl Fønix. Her frå ei anna samling i 2024.

Vond Mowi-lukt blei tema på næringsfrukost

Fredag starta delar av næringslivet i Etne dagen med felles frukost på Fugl Fønix. Lukt-utfordringar for Mowi i Fjæra var noko av det dei frammøtte fekk meir informasjon om.

Publisert Sist oppdatert

Dei fleste har køyrt forbi smoltanlegget på Fjæra, men under frukosten fredag morgon fekk dei 36 frammøtte frå næringslivet informasjon om kva som skjer på innsida også.

Driftsleiar ved Fjæra-anlegget, Asle Lægreid kunne fortelja at Mowi totalt leverte 465.600 tonn laks i 2021, og berre i Fjæra produserte dei 1.000 tonn smolt. Anlegget på Fjæra er også i gang med å utvida produksjonen og skal no levera opp mot 4.600 tonn smolt i året.

Lægreid som er fersk i rolla som driftsleiar er imponert over arbeidet som er lagt ned, og anlegget som er bygd opp, men har støytt på nokre utfordringar etter utbygginga som stod ferdig i fjor. Det handlar om luktproblematikk frå slamanlegget som dei hadde håpa på å få bukt med før jul, men som framleis ikkje er løyst.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS