Niels Sebastian Stuhr sluttar som fastlege i Vikedal. Arkivfoto
Vindafjord scorar lågt
Tysdag denne veka la Forbrukerrådet fram resultatet av ein stor landsomfattande test av heile 1.374 legekontor frå nord til sør. Testen viser enorme forskjellar på korleis fastlegekontoret møter deg og korleis dei formidlar god og relevant informasjon til pasientane sine.
— Når ein sjølv eller nokon i familien er sjuke, må det vera enkelt å koma i kontakt og få svar frå fastlegen, seier Forbrukerrådet sin direktør, Randi Flesland.
Forbrukerrådet har testa og gitt poeng til alle legekontora i landet på ein skala frå null til hundre, der hundre er best. Og i denne testen blir ikkje dei medisinskfaglege vurderingane testa, berre formidlinga av informasjonen frå legesenteret og den digitale tilgjengelegheita.