Kreativt sjeler. Yvonne Sandgren (t.v.), Terje Rafdal og Edna Trovanelli er med i gruppa av kunstnarar og handverkarar som ønskjer å blåsa liv i det tidlegare hagesenteret i Etne.
Foto: Irene Mæland Haraldsen
Vil skapa nytt liv i drivhuset
Dei har lenge ønskt seg eit senter for kunst- og handverk. Nå planlegg Yvonne Sandgren og ei gruppe kreative sjeler å fylla det tidlegare hagesenteret i Etne med kunst-og handverksprodukt signert lokale kunstnarar.
Går alt etter planen vil det tidlegare hagesenteret i Etne igjen bli fylt med liv og røre. Drivhusa midt sentrum har stått tomt sidan eigar Kjell Grønstad av helsemessige årsaker var tvungen til å stengja dørene for tre år sidan. Men nå ser det ut som hyllene som tidlegare bogna av blomster og grøne vekstar igjen, kan fyllast. Denne gongen av kunst-og handverksprodukt kreert av kunstnarar og handverkarar.
— Me har sakna eit fellesskap for kreative sjeler i bygda. Ein arena der me kan produsera og visa fram det me lagar. Drivhuset har god atmosfære og det er synd at ein slikt flott bygg skal stå tomt, seier Yvonne Sandgren entusiastisk.
Møteplass