Stig Morten Sørheim ynskjer velkomen til låtinnspeling.
ARKIVFOTO: GRETHE HOPLAND RAVN
Vil kjøpa heile eigedomen
Sidan 2006 har Lydloftet AS hatt base i ABC studio i Etne, og med bakgrunn i ein gunstig leigeavtale har dei hatt høve til å gi den gamle skulen ei skikkeleg oppgradering til ein kostnad på godt over éin million kroner. I april går leigeavtalen med kommunen ut, og i samband med dette mottok dei brev frå kommunen i september i fjor der ei reforhandling av avtalen blei annonsert. Kommunen meiner leiga dei betalar er for låg i forhold til dagens marknad og ønskjer forslag frå leigetakarane på ein meir marknadsbasert leigesats.
— I staden for å koma med ein ny leigesats har me heller ytra ønskje om å overta bygget til ein sum på 10.000 kroner, noko me har grunngjeve i svaret me gav til kommunen no i romjula, seier dagleg leiar i Lydloftet AS, Stig Morten Sørheim som er utdanna lydteknikar.
Han legg til at Lydloftet AS opererer i ein bransje med avgrensa høve til økonomisk overskot og er i stor grad basert på idealisme. Dei har gjennom desse åra arbeidd fram eit arbeidsfellesskap som har base på gamleskulen der dei samlar lyd- og musikkkompetansen i bygda.