Prosjektleiar Frode Eike frå då han presenterte framdriftsplanane for bygginga av ny symjehall og bygdahus i Vats til formannskapet tidlegare i år.
Vil ha namnekonkurranse om symjehall
— Me ønskjer eit nytt namn relatert til det nye bygget, ikkje det gamle. Det kjem ein namnekonkurranse, sa kommunalsjef for samfunnsutvikling, Anne Sofie Sandvik, før ho presenterte Eike.
Førebels prosjektnamn blir Symjehall og bygdehus». Eike gav ei gjennomgang av detaljar i det nye bygget som Grannar tidlegare har omtala. Energieffektivitet er i stort fokus i prosjektet og det er blant anna planar om å bruke dei store flatene til solceller.
Presentasjonen fekk stort sett god respons av politikarane, men Anne Cecilie Berentsen (Sp) skulle gjerne hatt eit ekstra trekkplaster for å folk til å bruke bassenget.