Godt planlagt eigarskifte. Tidlegare eigarar i Kalstveit og Vik AS, Tor og Toril Vik, har gitt stafettpinnen vidare til dei nye eigarane, skjoldabuane Bjørn Frode Hustoft og Sigmund Langeland.Foto: Irene Mæland Haraldsen
Godt planlagt eigarskifte. Tidlegare eigarar i Kalstveit og Vik AS, Tor og Toril Vik, har gitt stafettpinnen vidare til dei nye eigarane, skjoldabuane Bjørn Frode Hustoft og Sigmund Langeland.
Foto: Irene Mæland Haraldsen
Bjørn Frode Hustoft (t.v.), Tor Vik og Sigmund Langeland har fortsatt litt byggjemateriale på lager til internt bruk.
Foto: Irene Mæland HAraldsen
Gamle, gode minne. I bedrifta sine lokale på Liaheia var det tidlegare skule der Tor Vik starta som førsteklassing.

Vidare på lokale hender

Etter 45 år i som bedriftseigar har byggmeister Tor Vik (68) frå Skjold gitt stafettpinnen vidare til sambygdingane Sigmund Langeland (42) og Bjørn Frode Hustoft (41) som nå har sikra seg aksjemajoriteten i det kjente byggefirmaet Kalstveit & Vik AS.

Publisert Sist oppdatert

Det meste blir som før i korridorane til det tradisjonsrike byggefirmaet Kalstveit & Vik AS like ved E134 på Liaheia i Skjold. Firmanamnet vil bestå. Det same vil staben og storparten av drifta elles. Berre namnet på eigarsida er blitt fornya sidan Tor Vik valde å selja seg ut etter 45 år som bedriftseigar. Men sjølv om Vik har passert pensjonsalderen har han ikkje heilt sleppt taket i bedrifta han var med og bygde opp saman med Jan Erik Kalstveit. Dei to byggmeistrane har drive saman sidan starten i 1972 og fram til Kalstveit trekte seg ut for ti år sidan. Nå har 68-åringen redusert arbeidstida til 80 ei prosent stilling og snart skal han ned i halv stilling.

— Eg jobbar litt ennå, seier han smiler.

Kor lenge det blir har han ikkje bestemt seg for, men dei to nye hovudaksjonærane, Sigmund Langeland og Bjørn Frode Hustoft, er glade for å ha tidlegare eigar med på laget.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS