Fylkesutvalet i Vestland gir no si høyringsuttale til samferdselsdepartementet som ønskjer innspel på deira vidare arbeid med å framskunde omstillinga mot null- og lågutsleppsluftfart.
Foto: Torstein Bøe / NTB / NPK
Vestland vil vere føregangsregion for nullutslepp i luftfart
Ein ny rapport viser at flyrutene på Vestland er godt eigna for batterielektriske fly. Fylkesutvalet i Vestland gir no si høyringsuttale til Samferdselsdepartementet på vidare arbeid med å framskunde omstillinga mot null- og lågutsleppsluftfart.
Det skriv Vestland fylkeskommune i ei pressemelding.
Transportøkonomisk institutt laga i vår, på vegner av fylkeskommunen, ein rapport om samfunnseffektane av ei batterielektrisk flyrute mellom Førde og Bergen, og kva som skal til for å etablere denne ruta.
Rapporten viser at små elektriske flya er særskilt godt egna på korte ruter med lågt passasjergrunnlag, som til dømes Førde-Bergen.
Det er ei rekke fordelar med elektriske fly framfor andre nullutsleppsteknologiar, mellom anna energieffektivitet, kostnadseffektivitet, betre sikkerheit og enklare sertifiseringsprosess. Flya kan i tillegg ta av frå korte rullebanar, slik at det ikkje trengst kostbare utvidingar av eksisterande rullebaner.
– Vi vidarefører leiarposisjonen vi har i det grøne skiftet her i vest, seier fylkesordførar Jon Askeland om arbeidet mot nullutsleppsluftfart.
(NPK)