Det er venta svært kraftige vindkast i deler av Sør-Noreg søndag.
Skjermbilde. Illistrasjon Meteorologisk institutt
Ventar svært kraftige vindkast
Ekstremvêret Dave kjem med ekstremt kraftige
vindkast i Rogaland og Agder 5. april. Kyststrekninga frå Karmøy til Torungen
vil vere mest utsett, melder Meteorologisk institutt.
For Etne og Vindafjord er
det sendt ut oransje farevarsel, noko som betyr svært kraftige vindkast på
rundt 30-40 m/s frå vest og nordvest.
Det er venta svært kraftige vindkast
(oransje nivå) frå vest, seinare nordvest, opp i 30-40 m/s, for deler av
Rogaland, Agder og Sunnhordland og kraftige vindkast frå søraust, dreiande vest
og nordvest på gult nivå, ca 22-35 m/s, for store deler av Sør-Noreg.