Hilde Robberstad Bergh kjem opphavleg frå Etne, men bur no i Oslo saman med familien sin.
ARKIV/PRIVAT
Tar leiarskap i viktig arbeidslivsorganisasjon
— Arbeidslivskriminalitet er eit stort problem i
byggjenæringa og andre utsette bransjar. Fair Play Bygg gjer eit godt og svært
viktig arbeid. Eg ser fram til å bidra, seier Hilde Robberstad Bergh i eit
Facebook-innlegg frå den ideelle organisasjonen.
Den utflytta etnebuen bur
no på Nordstrand i Oslo.
Fair Play Bygg er eit
topartssamarbeid mellom arbeidsgjevar- og arbeidstakarsida. Samarbeidet er
finansiert gjennom frivillige løyvingar og gåver. Dei har i dag tre tilsette i
Oslo og éin i Østfold.