Grannveig på tur. Kanskje du ser kva plass dette er?

Påskequiz: Kor er Grannveig?

Eit lite hint: Eit kryss og ein liten foss.

Publisert

Grannar publiserer kvar dag fram til og med 2. påskedag eit nytt bilete av Grannveig på ferda gjennom kommunane.

Klarar du å sjå kvar ho har vore, er du med i trekninga av gåvekort.

Me trekker ein finalist kvar dag, og blant dei seks finalistane trekker me tre heldige vinnarar som får gåvekort.

Ser du kvar påskehøna er fredag?

Send svaret ditt på e-post til tips@grannar.no

Hugs å skriva kva dag du svarar på, og namnet ditt.

Svaret på dagens påskequiz får du i morgon – så følg med!

SVAR: Torsdag var Grannveig i Skånevik, ved ferjekaien. Henrik Hernes-Hansen var ein av dei som tippa rett, og som er med i trekninga av gåvekort.

Powered by Labrador CMS