Påskequiz: Kor er Grannveig?
Påskehøna vår, Grannveig, har svippa innom fleire plassar i Grannar-distriket.
Grannar publiserer kvar dag fram til og med 2. påskedag eit nytt bilete av Grannveig på ferda gjennom kommunane.
Klarar du å sjå kvar ho har vore, er du med i trekninga av gåvekort.
Annonse
Me trekker ein finalist kvar dag, og blant dei seks finalistane trekker me tre heldige vinnarar som får gåvekort.
Ser du kvar påskehøna er lørdag?
Send svaret ditt på e-post til tips@grannar.no
Hugs å skriva kva dag du svarar på, og namnet ditt.
Annonse
Svaret på dagens påskequiz får du i morgon – så følg med!
SVAR: Fredag var Grannveig i Vikedal, ved krysset opp mot motorbanen. Bjørg Ågådt Djuvik var ein av dei som sendte inn rett svar, og som er med vidare i trekninga om gåvekort.