Store delar av landbruksjorda i Noreg er dårleg eigna for korn. Difor har staten bestemt at det skal vere meir lønnsamt å drive med husdyr i grisgrendte strok.
Paul Kleiven / NTB / NPK
Korn i aust og beite i vest – slik vart den norske landbruksmodellen skapt
– Kanaliseringspolitikken kom som eit resultat av at det var overproduksjon av mjølk, samstundes som det blei produsert for lite korn til fôr, forklarar forskar Anders Mahlum Melås ved forskingsinstituttet Ruralis til Nynorsk pressekontor.
Dei færraste i dag har opplevd norsk landbruk utan ein slik politikk. At bøndene i vest driv med husdyr og grasproduksjon, og bøndene på flatbygdene i aust produserer korn er ikkje tilfeldig. Det er det staten som indirekte har bestemt ved å regulere.
Målet har vore å maksimere utnyttinga av ressursane betre, styrkje matberedskapen og ha eit aktivt landbruk i heile landet. Staten brukar i dag verkemiddel som målpris på korn, prisnedskriving og fraktutjamning for å styre produksjonen.