Partering av lam
Privat
Matauk på menyen for «skuletrollå»
I Nausthaugen barnehage i Vats har dei yngste
skulestartarane, «skuletrollå», fått vera med på eit prosjekt der matauk har
stått sentralt. Gjennom året har barna fått erfara at maten ikkje berre kjem
ferdig frå butikken, men har ei reise som startar i naturen og på garden.
Barna har vore på gardsbesøk og fått helsa på både
stutar, sauer, høner og hestar. Dei har grove opp poteter og gulerøter, og
plukka erter og løk rett frå åkeren.
— Alle er einige om at det me plukkar sjølve
smakar aller best, fortel Marita Bakkedal som jobbar i barnehagen.