Jan Terje Rafdal jaktar gamle skattar med metalldetektor.
Privat
Metalldetektoren avslørar meir enn gamle skattar
— Eg finn mykje skrot når eg er
ute med metalldetektoren, seier Jan Terje Rafdal.
For blant gamle myntar, gullringar og
andre fortidsminne som ligg gøymt i jorda dukkar det rett som det er opp både
plastrestar, gamle flaskekapslar, brukte sauemerke, blyrestar og ikkje minst
brukte gravlykter.
— Kvar gong eg er ute har eg
veska full med søppel som eg har plukka opp. Eg plukkar søppelet som ein liten
gest til grunneigaren som gjev meg lov til å leita på eigedomen hans, og for å
ta vare på nærmiljøet, seier den ivrige skattejegeren frå Etne.