Bli abonnent – få full digital tilgang!
Kun 5 kr for 5 veker!
• Alt innhald på grannar.no • eAvis
• Digitalt arkiv heilt frå 1973
• App med nyheitsvarsel
Deretter frå 159 kr/månad. Automatisk fornying.
Inga bindingstid. Du seier sjølv opp når du ønskjer.

KJØP

Du må logge inn for å lese artikkelen

Miljødirektoratet held fram støtte til opprydding av eigarlaust marint avfall.

Frivillige kan få dekt kostnader ved ryddeaksjonar

Publisert

Hold Norge Rent bekreftar at refusjonsordninga for eigarlaust marint avfall også i år blir vidareført, skriv organisasjonen i ei pressemelding.

Ordninga dekkjer kostnader knytt til transport og handsaming av avfallet, transport av frivillige til ryddeaksjonar, enkel servering, og reparasjon eller tap av ryddeutstyr. Også avfallsselskap kan søkje refusjon for administrative og praktiske kostnader.

Ordninga vert forvalta av Hold Norge Rent på vegner av Miljødirektoratet, med søknadsfrist 16. november. Målet er å støtte frivillige og organisasjonar som ryddar marint avfall, slik at kostnader ikkje vert eit hinder for å delta i oppryddingsarbeidet.

Powered by Labrador CMS