Westcon Yards i Ølensvåg har vedtatt å innfusjonera Catering Partner AS. Fusjonen er ein av dei største endringane i siste selskapsnytt frå Brønnøysundregistera.
Foto: Grethe Hopland Ravn
Selskapsnytt
Nye verksemder, fusjonar og fleire slettingar i Vindafjord og Etne
Fleire nye selskap blir registrerte i perioden.
Blant desse finn ein Solpluss AS, med forretningsadresse i Ølen. Selskapet blei
stifta 11. februar 2026 og skal driva solstudio og anna velvære- og
tenesteytande verksemd, inkludert sjølvbetente løysingar. Selskapet har ein
aksjekapital på 30.000 kroner. Sindre Ræstad Selland er både dagleg leiar og
styreleiar, med adresse Sandeid, mens Leif Martin Kvamen er styremedlem.
Årsrekneskapen skal ikkje reviderast.
Også Tobsat AS er nyregistrert, med adresse i
Sandeid. Selskapet skal investera i, eiga og forvalta andre selskap, samt tilby
finansiell rådgiving. Tobias Nygård Sætre er styreleiar, og selskapet har ein
aksjekapital på 30.000 kroner. Årsrekneskapen skal ikkje reviderast, og
styreleiar har signatur åleine.
Vidare kjem Sannes AS, med adresse i Øvre Vats.
Selskapet skal driva med kjøp, sal og utvikling av eigedom. Per Sandvik er
styreleiar, mens Stig Arild Skrunes og Magne Sandvik er styremedlem. Også her
er aksjekapitalen 30.000 kroner, og det er ikkje krav om revisjon.