Bli abonnent – få full digital tilgang!
Kun 5 kr for 5 veker!
• Alt innhald på grannar.no • eAvis
• Digitalt arkiv heilt frå 1973
• App med nyheitsvarsel
Deretter frå 159 kr/månad. Automatisk fornying.
Inga bindingstid. Du seier sjølv opp når du ønskjer.

KJØP

Du må logge inn for å lese artikkelen

Det var godt oppmøte då Vindafjord kommune, Fikse Næringsforening og Medvind24 Næringshage inviterte til frukostsamling for næringsaktørar i Vindafjord kommune onsdag

Veg, drivstoff og biogass på agendaen

Publisert

Arrangementet som var eit samarbeid mellom Vindafjord kommune, Fikse Næringsforening og Medvind24 Næringshage samla næringsaktørar frå heile kommunen, og fire av dei fekk taletid for forsamlinga.

Først på podiet var kommunalsjef for samfunnsutvikling i Vindafjord kommune, Halfdan Krohn Brekke. Han tok utgangspunkt i fleire av dei store sakene kommunen står i, og løfta fram kva det kostar å stå i slike prosessar – ikkje berre i kroner, men for lokalsamfunnet. Brekke presiserte at i reguleringssaker er første politiske behandling planprogrammet, mens planinitiativ blir behandla administrativt. Han viste til fleire store saker i kommunen, mellom anna Dommersnes i Vikebygd. Der er reguleringskostnaden om lag åtte millionar kroner. Av dette går rundt sju millionar direkte til konsulenttenester, og det seier noko om omfanget av utgreiingar, analysar og faglege krav som i dag ligg til grunn i ein reguleringsprosess. Han peikte på at reguleringsprosessar i dag stiller langt større krav enn tidlegare, og at prosessane tar tid. Han understreka også at både administrasjon og politikarar må ta val som ikkje er enkle.

— Kommunen ikkje kan driva om ti år slik ein gjer i dag. Enten må inntektene aukast, eller så må utgiftene ned. Kommunen har god økonomi i dag, men det vil vera nødvendig å ta grep framover, sa han.

Powered by Labrador CMS