Sigbjørn Gjellestad (t.h.) og Vats Anlegg blei tildelt ein kontrakt med Vindafjord kommune. Her under ein prat med ordførar Ole Johan Vierdal Arkivfoto
ArkivfotoFOTO: Svein-Erik Larsen
Vats Anlegg etterlet seg titals millionar i uteståande krav
I den førebelse innberetninga til tingretten frå bustyrar Maria Oftedal i Eikesdal Advokatfellesskap, er det sentralt at firmaet disponerte 18 bilar og anleggsmaskinar. Dei fleste var leasingfinansiert, men nokre var eigen eigedom. I tillegg var ein del leigd frå morselskapet Gjellestad Anlegg AS.
Det er Gjellestad Anlegg AS som eig Vats Anlegg AS, og det er Sigbjørn Berge Gjellestad, som eig begge. Tilknytt til drifta er òg Vats Eiendom AS, og Gjellestad AS som eig Gjellestad Anlegg AS.
Gjellestad er både styreleiar og dagleg leiar i alle dei nemnde selskapa, og han eig alle hundre prosent sett bort frå Vats Eiendom AS som han eig 50/50 saman med Kjell Gjellestad.