Vasskraftutbygging på sikt
— På eit eller anna tidspunkt vil det nok kome større vasskraftutbyggingar her i landet. […]
— På eit eller anna tidspunkt vil det nok kome større vasskraftutbyggingar her i landet. Ikkje minst på grunn av at vasskraft er miljøvenleg, seier Olav Linga. Men per i dag nektar han for at Haugaland Kraft har planar om å søkje konsesjon for dei verna vassdraga i Etne kommune. Han seier også at slike planar ikkje kan setjast ut i livet utan eit nært samarbeid med Etne kommune.
— Det vi gjer i dag er å sjå på dei to anlegga vi har i kommunen. Vi vil optimalisere desse anlegga og sjå om vi kan få meir ut av dei. Dette arbeidet er i gang, og ei arbeidsgruppe er i full sving med dette arbeidet. Om eit halvt år vil desse planane kunne liggje på bordet, seier Linga.
Ingen kontakt
Ordførar Sigve Sørheim i Etne kommune seier han veit svært lite om dei omtalte planane for ny vasskraftutbygging i Etnefjellet.
— Til nå har det ikkje vore nokon kontakt med Haugaland Kraft, men når dette nå har kome opp, vil vi be om eit møte, seier han. Eit slikt møte seier han kunne vore aktuelt også utan at dei nye planane har kome på banen.
— Store aktørar som Haugaland Kraft, som har så mykje å seie for kommunen, bør ein ha jamleg kontakt med, minst ein gong i året. Og nå er eit møte blitt endå meir aktualisert. Vi må få greie på kva planar dei har, seier han.
Sjølv seier han at han ikkje har gjort seg opp ei klår meining om ei eventuell utbygging. Han ser svært positivt på dei utbyggingane som er i gong når det gjeld småkraftverk i kommunen. Desse er med å styrkje bygdesamfunna.
Når det gjeld større utbyggingar seier Sørheim at ein ikkje kan vere negativ før ein har sett planane, men ein ting er han bestemt på, ei ny utbygging må skje utan nye oppdemningar.