Uvant situasjon for Westcon
Riggen Safe Scandinvia», som blir bygt om frå bustadformål til mudhandtering har gitt god aktivitet ved hjørnesteinsbedrifta i Ølensvåg sidan i mars. Før den tid har både riggar og fartøy komme som perler på ei snor og sikra høg aktivitet ved Westcon i mange år.
Men i takt med det bratte oljeprisfallet minkar oppdraga i verftsbransjen.
— Det er første gong, i alle fall siden eg begynte her i 2012, at me ikkje har nye riggkontraktar. Me er i ein marknad som historisk har gått i bølgedalar. Men skiftingane har vore kortsiktige, og det er me vant til å handtere. Men no er det første gong at me òg ser meir langsiktige utfordringar i marknaden, seier konsernsjef Arne Birkeland i Westcon Group.