Hanne Kaldheim og sommarvikar Ida Vaka (16) ved Coop Byggmix i Ølen sel utemaling sjølv om solskinet uteblir.
Foto: Irene Mæland Haraldsen
Ustabilt juli-vêr til bry
Ei oversikt frå Meteologisk institutt viser at juli månad har vore svært rik på nedbør i store deler av landet med ein månadsnedbør på 120 prosent av normalen for heile landet. Relativt mest nedbør fekk målestasjonane i indre strøk av Finnmark, Troms og Hordaland, medan enkelte stasjonar på Austlandet fekk under 50 prosent av den normale nedbøren. På Vestlandet fall det 125-150 prosent nedbør i forhold til normalen. Målestasjonen i Etne viser ei nedbørsmengd på 134,4 mm, noko som er litt mindre enn fjoråret då målingar viste 183,8 mm for juli månad. Ved målestasjonen i Vats vart det målt 153,5 mm nedbør, mot normalen på 108 mm.
Både i Etne og Vats viser temperaturmålingar ein gjennomsnittstemperatur på rundt 14,5 grader. Varmast var det begge stader den 20. juli då gradestokken viste 27,7 grader. I løpet av juli månad viser målingane ved dei to stasjonane berre seks dagar heilt utan nedbør.
Arbeid på vent