Bli abonnent – få full digital tilgang!
Kun 5 kr for 5 veker!
• Alt innhald på grannar.no • eAvis
• Digitalt arkiv heilt frå 1973
• App med nyheitsvarsel
Deretter frå 159 kr/månad. Automatisk fornying.
Inga bindingstid. Du seier sjølv opp når du ønskjer.

KJØP

Du må logge inn for å lese artikkelen

Usikker framtid

Publisert Sist oppdatert

Nedre Vats helselag har eksistert i fleirfaldige tiår, og det er ikkje tvil om at dei har sett store fotspor etter seg. Kvart einaste år har dei samla inn pengar til trivselstiltak og hjelpemiddel, og mykje har gått til Vindafjordtunet i Vats. Mellom anna har dei vore med på å finansiere spa-bad, ein trimsykkel som er kopla til ein stor tv-skjerm som viser film frå nærområde og kjende byar i inn- og utland. Laget har også bidrege med hjartestartar og teleslynge til Vindafjordhallen. Helselaget er også med å finansierer fotpleie til dei eldre, dei arrangerer eldretreff på sjukeheimen to gonger i året, basar kvar haust, besøksteneste, bussturar og kvar fjortande dag går dei rundt på sjukeheimen med snopetralle og frukt, som dei eldre kan nytta seg av.

Helselaget har også følgt opp barneskulen med tema som kosthald og helse, dei bidreg i demensaksjonen der midlane som blir samla inn, går til forsking og lokale demensaktivitetar, dei deltek i den årlege hjarteveka, der Nasjonalforeningen for folkehelsa gir informasjon om sunne levevanar og samlar inn pengar til hjarte- og karforskinga, og laget samlar og sender inn frimerke til Tubfrim.

— Det er svært synd dersom dette skulle forsvinna, men av dei 60 medlemmane som helselaget har i dag, er flesteparten av oss i 70-80 åra, seier Tordis Lofthus, som no har takka nei til ny periode som leiar i laget. 41 år får vera nok.

Powered by Labrador CMS