Det var 9. april i år at Grannar skreiv om kulturskatten som hadde stått lagra på Innbjoa i 20 år, men som no stod i fare for å ende sine dagar på søppeldungen om ikkje nokon ville ha saga og den andre reiskapen som høyrde med. Då hadde verten for klenodiet, Alf Magne Gundersen heilt sidan 1990-talet prøvd å finne ny eigar til det, men utan å lykkast.
Lese i Nord-Noreg
Grannar sin omtale av saka vart utslagsgivande for at saga no er berga. Bjørn Ellingsen og Berit Saltnes på Børkjenes i Etne, har overtatt den gamle reiskapen som har vore lagra på motsett side av fjorden. Men det var ikkje paret sjølv, som til dagleg jobbar i og vekependlar til Stavanger, som var merksam på artikkelen. Tipset kom derimot frå ein Grannar-abonnent på Helgelandskysten.