Ølen vidaregåande skule fekk tysdag besøk av MOT-teamet som i desse dagar reiser land og strand for å besøkja elevar og skular på deira heimstad. Det skal fokuserast på mot til å leva, mot til å seia nei og mot til bry seg, og for elevane blei dette ei svært så underhaldande stund. Første del av MOT-turneen fann stad i Ølen kulturhus der teamet hadde rigga seg til med fullt band på scenen, med artisten Alejandro Fuentes i spissen som ambassadør for årets turne. Men det skal også vera sagt at teamet la alt til rette for å spela andrefiolin, og dei som fekk størst fokus på scenen denne dagen var elevane sjølv.
— Det var kjekt å sjå at så mange hadde funne vegen til kulturhuset for å få med seg denne konserten no i kveld, seier konferansier og raudruss Claus Haraldseid og haustar stor respons frå salen, då det på ingen måte er blitt kveld i det heile tatt. Det er derimot tidleg ettermiddag og med-konferansier og raudruss Stine-Lise Espeland introduserer første innslag på scenen.
Flinke elevar