I klasserommet til sjuandeklasse ved Vikedal skule står eit stort bord fylt med lego. Her er det plassert ulike legokonstruksjonar som alle er knytt til temaet vatn og som elevane sjølve har bygd opp. Blant sakene er eit lite vassklosett, ei vasspumpe, ein regnsensor og ein røyrkonstruksjon. Ein robot står plassert i det eine hjørnet, klar til å utføra oppdraget den er blitt programmert til.
— Me har bygd roboten etter teikningar og styrer den med ein app. På nettbrettet har me lagt inn kva roboten skal gjera, fortel 12 år gamle Sondre Bakkedal Espevoll som har vore med på å programmera dei ulike funksjonane roboten skal utføra.
Han set roboten i nøyaktig posisjon og trykkjer på eit kommandofelt på nettbrettet. Straks byrjar den å bevega seg framover før den snur seg nitti grader og styrer rett mot eit legobyggverk midt på bordet.