Den katolske kyrkja har hatt stor vekst dei siste 20 åra. Her ser vi katolske biskopar frå Noreg og Europa før vigslinga av biskop Fredrik Hansen tidlegare i år.
Foto: Heiko Junge / NTB / NPK
Ukraina-krigen endrar Religions-Noreg
– Hovudårsaka til medlemsvekst i kyrkjesamfunn i Noreg er migrasjon. Den katolske kyrkja og Den ortodokse kyrkja har opplevd stor vekst – mest grunna arbeidsinnvandring frå land der katolsk og ortodoks kristendom dominerer. Dei siste åra har flyktningar frå Ukraina gitt eit ekstra løft for medlemstalet i Den ortodokse kyrkja, fortel forskingssjef Sven Thore Kloster hos Institutt for kyrkje-, religions- og livssynsforsking (Kifo) til Nynorsk pressekontor.
Kifo presenterte nyleg ei perspektivmelding som viser medlemsutviklinga i ulike kyrkjesamfunn her i landet. I innlegget Kloster heldt under presentasjonen blei det vist til ein TV 2 -reportasje frå hausten 2024 som fortel at unge strøymer til frimeinigheitene.
Stabil Pinserørsle
Kloster peikar på at tala TV 2 legg til grunn i reportasjen i lita grad kjem av auka tilslutning til frikyrkjene.
– Grafen dei viser går frå 2017 til 2023 og syner ein auke på nesten 38.000 medlemmer i kyrkjesamfunn utanfor Den norske kyrkja. Om lag 30.000 av desse er katolikkar eller ortodokse. I tillegg er det cirka 3000 som har komme til Den svenska kyrkan. Talet på dei tre gruppene utgjer då om lag 33.000 av desse 38.000, seier han.
Av dei protestantiske frikyrkjene i Noreg er Pinserørsla den største. Dei er samansett av 350 sjølvstendige frimeinigheiter rundt omkring i landet. SSB-tal syner at Pinserørsla hadde 39.492 medlemmer i 2006 og 40.725 medlemmer i 2020.
– Samla sett har meinigheitene som er tilslutta Pinserørsla har hatt ein rimeleg konstant medlemsmasse frå 2006, seier Kifo-forskaren.
Han nyttar likevel høvet til å vere kritisk til eigne tal.
– Det kan godt tenkjast at nokre karismatiske rørsler ikkje er så opptekne av å verve medlemmer. Fleire kan oppleve større interesse for møta sine utan at folk nødvendigvis byter medlemskap, seier han.
Konservativ bølgje?
Den siste tida har det òg vore mykje snakk om ei konservativ bølgje blant unge – og særleg blant unge menn. Kloster er usikker på om dette er tilfelle.
– Kanskje er det ei bølgje nokre stadar, eller la oss kalle det ein krusing. Tala på nasjonalt nivå seier derimot noko anna. Den norske kyrkja har faktisk 4000 nyinnmelde per år. Dette er menneske som er døypte frå før – anten i Den norske kyrkja og har meldt seg ut og inn igjen, eller menneske som er døypte i eit anna kyrkjesamfunn og melder overgang til Den norske kyrkja. Dei fleste som melder seg inn vil eg tru gjer det fordi dei er liberale eller opne i trua si, ikkje fordi dei er konservative. Då ville dei heller meldt seg inn i eit meir konservativt kyrkjesamfunn, seier forskingsleiaren.
(NPK)