Uhell på glatta

Minst to av dei fekk lettare skadar, og dei eine av dei klaga over smerter i ryggen etter at bilen køyrde i fjellveggen på fylkesveg 34 mellom Etne og Skånevik. Uhellet skjedde på morgonkvisten i dag, ved Hjelmervik, om lag seks kilometer frå Skånevik, og vart meldt inn til politiet klokka 05.55.

Operasjonsleiar Reidar Gaupås ved Haugaland og Sunnhordland politidistrikt opplyser at det var glatt i vegbana akkurat i svingen der uhellet skjedde. Både politi og ambulanse rykte ut til ulukka.

Dei tre er utanlandske statsborgarar, ei kvinne og to menn.

Powered by Labrador CMS