Ingen ting tyder på at Etne vgs vil bestå som ein sjølvstendig skule når skulebruksplanen i Hordaland er politisk behandla.
Dei tilsette ved Etne vgs føler seg dårleg behandla av arbeidsgjevaren Hordaland fylkeskommune etter vedtaket om å legga ned skulen.Arkivfoto

Uavklart om skulebruksplan

Ingen ting er avgjort etter at utval for opplæring og helse torsdag behandla skulebruksplanen for Hordaland. Ein overraskande allianse samla seg om eit forslag om å vidareføre nåverande skulestruktur.

Publisert Sist oppdatert

Fleirtalet i utvalet, som er samansett av Raudt, Miljøpartiet dei Grøne, Framstegspartiet, Venstre, Høgre og SV, gjekk inn for det som i saksdokumenta er omtala som alternativ 0. Fleirtalskonstellasjonen presiserer at dette ikkje kan sjåast på som eit fullstendig forslag. Fram mot fylkesutvalet i september vil dei gjera nødvendige justeringar med ein tydeleg distriktsprofil innanfor forsvarlege økonomiske rammer.

Skulepolitisk talsperson i Høgre, Christer Lilleskare Olsen seier til Grannar at ingenting er avgjort og at dei ynskjer å forhandla vidare i saka fram til behandling i fylkesutval og fylkesting.

— Me tar utgangspunkt i fylkesrådmannen si tilråding der blant anna Etne vgs er føreslått overført til Ølen vgs i Rogaland. Kva Rogaland fylke gjer med drifta i Etne, er uavklart på dette tidspunktet, seier Lilleskare Olsen.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS