Bli abonnent – få full digital tilgang!
Kun 5 kr for 5 veker!
• Alt innhald på grannar.no • eAvis
• Digitalt arkiv heilt frå 1973
• App med nyheitsvarsel
Deretter frå 159 kr/månad. Automatisk fornying.
Inga bindingstid. Du seier sjølv opp når du ønskjer.

KJØP

Du må logge inn for å lese artikkelen

Grethe Hopland Ravn

PÅ TAMPEN:

Trommesolo til middag? — Nei takk!

Publisert

Eg er lydvár. Det høyrest kanskje fint og følsamt ut, ei som fangar opp dei små nyansane i livet. Sanninga er at eg blir smågal av bakgrunnsmusikk. Eller bakgrunnsstøy. Eller eigentleg alle sortar lyd som ikkje har fått personleg invitasjon.

Pratar eg med nokon, kan eg ikkje fordra at radioen står og durar i bakgrunnen. Då sit eg der og nikkar vennleg mens hjernen driv og fører intern behandling av både samtalen og refrenget gjennom eteren. Det blir for mykje for eit «ungt kvinnfolk» i kategorien 50+, som i tillegg har begynt å mistenka at høyrsla ikkje lenger er heilt slik den ein gong var.

På shoppingtur er det heilt greitt med litt musikk mens eg går og kikkar. Eg kan til og med leva med at ein og annan klesbutikk prøver å vera nattklubb før klokka tre på ettermiddagen. Det passar meg ikkje, men eg overlever. Eg skal jo berre sjå på eit klesplagg, ikkje dansa meg gjennom stativet med vårnyheiter.

Powered by Labrador CMS