Trengsel på senteropning
Mange tok turen til det nye Gjerde senter i Etne då det opna torsdag føremiddag.
Like før klokka 10 torsdag klipte Etne-ordførar Siri Klokkerstuen snora og markerte opninga av dei nye lokala til Felleskjøpet sin FK-butikk og daglegvarebutikken Coop Extra.
I ein kort tale gjorde ho eit poeng av Etne, som allereie har nest størst omsetnad innan handel i Sunnhordland, kun slått av Stord, med det nye Gjerde senter no styrkar tilbodet ytterlegare.
LES OGSÅ: Spent før senteropning (G+)
Om lag 150 personar trippa forventingsfulle utanfor senteret medan ho talte, og hadde det travelt med å kome seg inn då dørene endeleg opna.
— Heilt supert med eit nytt tilbod i Etne, sa Ann Therese Ripel Jensen, medan ho tok ein bit av kakene som butikkane spanderte i anledning opninga.
LES MEIR FRÅ SENTEROPNINGA I PAPIRAVISA MÅNDAG.