Ølensrussen 2026 leverte ein underhaldande russerevy.
Jonas Sandsgård
Trefte blink med russerevy
Det var
vanskeleg å finne parkering i Ølen sentrum fredag kveld, og det er kanskje det
beste beviset på at russen hadde klart å fylle salen. Eit fullstappa Sjøperlo i
Ølen venta spent på at klokka skulle bikke 19.00.
Presis
kom opninga, og ho kom med smell. Til tonane av «Footloose» fylte heile
russekullet scenen, ikledd kvite t-skjorter og raske briller. Stemninga var
sett, og ein kan trygt seie at ho heldt seg gjennom heile kvelden.
Revyen
blei døypt «Russerevolusjonen», og sjølv om underteikna ikkje heilt klarte å
sjå ein raud tråd knytt opp mot namnet, var det framleis ein meget
underhaldande halvannan time ølensrussen hadde stelt i stand.