Linea Helgevold Fjelldalselv på terrassen utanfor heimen på Balahaugen i Sandeid.
Nils Tokheim
Blant landets største unge friidrettstalent
Linea sjølv trekk litt på om ho verkeleg er blant dei beste, men motvilleg går ho med på det vel vitande at det vil spissa seg til når ho blir senior og skal konkurrera mot fleire årsklassar.
Det litt spesielle under ungdomsmeisterskapen i innandørs friidrett på Nes Arena mellom Kløfta og Vormsund for snart to helgar sidan, er at Linea begge gonger var bak ei lagvenninne frå Haugesund IL. Med etternavnet Wigene vil mange tru at ho kan vera dottera til Susanne Wigene. Det stemmer, og ho heiter Othelie Stave-Wigene.
Gode løpargener