Bli abonnent – få full digital tilgang!
Kun 5 kr for 5 veker!
• Alt innhald på grannar.no • eAvis
• Digitalt arkiv heilt frå 1973
• App med nyheitsvarsel
Deretter frå 159 kr/månad. Automatisk fornying.
Inga bindingstid. Du seier sjølv opp når du ønskjer.

KJØP

Du må logge inn for å lese artikkelen

Dette har vore ein oppladbar støvsugar. Foto: Kripos
Dette har vore ein oppladbar støvsugar.

Tre av ti unge brukar defekte ladarar

NPK: Ein ladar eller eit batteri som er skadd, kan føre til brann og bør ikkje brukast. Likevel er det mange unge som brukar ladarar som er øydelagde.

Det kjem fram i ei fersk undersøking som Kantar har gjort for Norsk brannvernforening, DSB og forsikringsselskapet If i samband med den årlege Brannvernveka.

På spørsmålet Dersom du oppdagar at ladaren er skadd, eksempelvis at leidningen sprekk opp eller pluggen er blitt skeiv, kva gjer du?» svarer 28 prosent av dei under 30 år at dei vil halde fram med å bruke han.

— Viss du merker noko unormalt, ser skadar eller deformasjonar på batteriet bør du få det sjekka. Ver også spesielt obs på brune eller misfarga pluggar og kontaktar, men også sprekker og andre synlege skadar på ladeutstyr, produkt og batteri. Merkar du for eksempel at batteriet i mobilen eller i pc-en byrjar å bule ut eller blir unormalt varmt må du vere forsiktig. Slitt ladeutstyr eller batteri og produkt med skadar skal bytast ut, seier Rolf Søtorp, administrerande direktør i Norsk brannvernforening, i ei pressemelding.

Det blir stadig fleire ladbare artiklar i norske heimar, og med det aukar brannfaren.

— Både elsyklar, dronar, fjernstyrte bilar, lommelykter, radioar og elverktøy har vore årsak til brannar i Noreg. Vi fryktar at talet på lade- og batteribrannar kjem til å auke fordi vi omgir oss med stadig fleire ladarar og oppladbare batteri i kvardagen, seier Anders Rørvik Ellingbø, branningeniør og leiar av skadeførebyggjande avdeling i If.

Fleire av brannane har ført til store materielle skadar, heilt opp mot 10–12 millionar kroner, ifølgje If.

Powered by Labrador CMS