Bli abonnent – få full digital tilgang!
Kun 5 kr for 5 veker!
• Alt innhald på grannar.no • eAvis
• Digitalt arkiv heilt frå 1973
• App med nyheitsvarsel
Deretter frå 159 kr/månad. Automatisk fornying.
Inga bindingstid. Du seier sjølv opp når du ønskjer.

KJØP

Du må logge inn for å lese artikkelen

Tok gull med tull og tøys

Publisert Sist oppdatert

Det er laurdag kveld og tid for nok ein revy på kulturhuset i Ølen. Inne i storsalen har 400 forventningsfulle og feststemte gjester tatt plass for å få med seg 30-års markeringa til Himkok-gjengen som går for gull og ein heil del tull med sin sekstande revy sidan starten i 1989. At baren alt har vore open ein times tid legg ingen dempar på stemninga i salen, tvert i mot, og straks dei første revyartistane inntek scenegolvet med sin elleville tolking av rundkjøringa i Ølensvåg og sin protest mot pappvin, alkoholfritt og bubilar er dagsorden sett. Her er duka for mykje latter og galskap. I opningssongen lova revygjengen å løfta taket og gjera alle glade, og den lovnaden klarte dei å halda gjennom heile førestillinga. Publikum blei servert ein allsidig revy med fin blanding av song og lattermilde innslag som fekk mange til å kjenna seg igjen i kvardagen.

Tv-program

Gjennom ein 18-rettars hovudmeny såg Himkok-gjengen med humoristisk skråblikk på ulike lokale tema som mellom anna bustadtettleiken på Roa-feltet som fekk stor merksemd gjennom tv-programmet der ingen skulle tru at nokon kunne bu så tett. TV Haugland si heilt spesielle reportasjereise tok tv-reportaren publikum med på ein tur til den nye turløypa der både den trimglade Svein Fatland og den gladkristne countrystjerna frå Bjoa sette trimgleda i nytt lys, og då det lokale meisterskapet i robotklippar-dressur gjekk av stabelen var tv-teamet sjølvsagt på plass.

Powered by Labrador CMS