Bli abonnent – få full digital tilgang!
Kun 5 kr for 5 veker!
• Alt innhald på grannar.no • eAvis
• Digitalt arkiv heilt frå 1973
• App med nyheitsvarsel
Deretter frå 159 kr/månad. Automatisk fornying.
Inga bindingstid. Du seier sjølv opp når du ønskjer.

KJØP

Du må logge inn for å lese artikkelen

Politiet gjorde undersøkingar i Kongsberg sentrum. Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB / NPK
Politiet gjorde undersøkingar i Kongsberg sentrum.

— Tøff oppleving, men elevane har det bra

Mannen som er sikta etter drapa på Kongsberg onsdag kveld, har vore i avhøyr. — Han erkjenner forholda, opplyser politiadvokat Ann Irén Svane Mathiassen.

Den sikta vart arrestert på Kongsberg onsdag kveld. Natt til torsdag gjekk politiet ut med at det dreier seg om ein 37-åring som er dansk statsborgar, men busett i Kongsberg.

Han var i avhøyr natt til torsdag.

— Mannen erkjenner dei faktiske forholda, opplyser politiadvokat Ann Irén Svane Mathiassen til NTB.

Les meir om Vindafjord-elevane lenger nede i saka!

Overfor TV 2 stadfestar ho òg at sikta er ein kjenning av politiet i samband med fleire ulike forhold. Han skal òg ha vore i kontakt med helsevesenet fleire gonger.

Rykte i sosiale medium

Politiet gjekk ut med opplysningane om den sikta mannen for å avkrefte ein del av rykta som har versert i sosiale medium etter hendinga.

— Politiet stadfestar denne informasjonen om sikta fordi det verserer mange rykte i sosiale medium om moglege gjerningspersonar som ikkje kan knytast til dei alvorlege handlingane, skreiv politiet i ei pressemelding.

Mannen vart frakta til politihuset i Drammen. Advokat Fredrik Neumann er forsvararen hans.

— Eg har snakka med klienten min, og vi har vore i avhøyr, seier advokaten VG.

— Han samarbeider med politiet og forklarer seg i detalj om hendinga, legg forsvararen til.

Det er ifølgje politiadvokat Mathiassen ikkje avgjort om det blir varetektsfengsling torsdag.

Pil og boge

Politiet fekk klokka 18.13 onsdag kveld fleire meldingar om at ein person hadde skote etter folk med pil og boge i Kongsberg. Klokka 18.47 vart mannen arrestert.

Politiet har opplyst at det var ein konfrontasjon mellom dei og gjerningsmannen før han kom seg unna. Ingen politifolk vart skadde i denne konfrontasjonen. Litt seinare vart han arrestert. I samband med arrestasjonen vart det fyrt av varselskot.

— Det er mange åstader – denne personen har bevega seg over eit stort område der det er gjort straffbare handlingar, sa Øyvind Aas, driftssjef i Buskerud-politiet, på ein pressekonferanse onsdag kveld.

I tillegg til dei fem drepne er to personar skadde.

Politiadvokat Mathiassen stadfestar overfor NTB at det er brukt andre våpen i tillegg til pil og boge.

Skadd politimann

Ein av dei skadde er ein politimann som var i ein butikk, ein av åstadene, på fritida.

— Vi meiner det er éin person som har utført desse handlingane åleine. Det er naturleg å vurdere om det er ei terrorhandling, sa Øyvind Aas, driftssjef i Buskerud-politiet, på ein pressekonferanse seint onsdag kveld.

NTB fekk torsdag kveld opplyst at Politiet tryggingsteneste (PST) etterforskar saka med betydelege ressursar.

Det er førebels ikkje klart om dei drepne og skadde er tilfeldige offer.

— Eg kan ikkje svare på om det er ein relasjon mellom gjerningsperson og offera. Vi held oss til dei offera som er og vil undersøkje om det er ein relasjon, sa Aas onsdag.

Samtidig meiner politiet at gjerningsmannen handla åleine, og det gjekk seint føre seg onsdag ikkje noko aktivt søk etter fleire personar.

Vitne: Stor aktivitet

Eit vitne NTB har snakka med, fortel at det gjennom kvelden har vore stor aktivitet i sentrum av byen.

— Eg høyrde at alarmen gjekk på Coop, men tenkte ikkje så mykje på det. Så høyrde eg at det kom ambulansar og politibilar, seier Marit Hoefle, som bur i Christian IV. des gate i Kongsberg sentrum, til NTB.

Hoefle bur like bak Coop Extra-butikken der delar av hendinga i Kongsberg skjedde.

Politiet har ifølgje henne onsdag kveld gått rundt med lommelykter og sett gjennom garasjar og bakgardar i Kongsberg sentrum.

Hoefle seier at det gjennom kvelden har vore stor aktivitet og mykje politifolk som har gått inn og ut av eitt av nabohusa deira.

— Det er veldig mange svartkledde politifolk som går rundt her. Det har òg vore politi som har banka på hos oss og spurt om vi har det bra, seier ho.

Politiet har oppretta ein tipstelefon i saka. Nummeret er 47696400.

— Sterkt prega

To tiandeklassar frå Skjold skule i Vindafjord var tilfeldig i Kongsberg denne dagen. Dei var innkvarterte på Kongsberg vandrerhjem, som ligg på vestsida av Nummedalslågen og dermed på andre side av sentrum der der ugjerninga fann stad. Dei var ikkje ute i området der dramatikken føregjekk og aldri i faresona.

Klasseturen var ikkje i kommunal regi, og var arrangert av foreldre som ei privat reise, men det kommunale apparatet blei likevel onsdag kveld varsla om hendinga som skjedde ikkje langt unna der elevane budde.

— Dei er sjølvsagt sterkt prega av hendinga, av det dei fekk med seg på nyhendesendingar og det dei sjølv blei vitne til av helikoptertrafikk, politilys og sirener. Eg har vore i kontakt med ein av foreldra som har ungdom med på turen og blei glad då eg fekk stadfesta at elevane var ved godt mot og tatt hand om av foreldre og vaksne på ein god måte. Blant anna hadde dei ei samling utpå kvelden, seier kommunalsjef Nils Erik Eide til Grannar.

På veg heimover

Det er 43 elevar i dei to tiandeklassane, men Eide har ikkje oversikt over om alle deltok på turen. Reisa i haustferien har gått til fleire stader i Sør-Noreg, som erstatning for den vanlege haustturen til Polen i regi av Aktive Fredsreiser som ikkje kunne gjennomførast i år grunna koronaen.

— Overnattinga i Kongsberg var siste post på programmet. Dei følgjer oppsett program i dag med besøk i Sølvgruvene, før elevane seinare i dag reiser heim til Vindafjord, opplyser Eide.

Han synest det er svært uheldig at elevane skulle befinna seg ibyen der den forferdelege hendinga skjedde, og og er glad og letta over at det ser ut som dei har takla det bra.

— Me vil i løpet av dagen ta stilling til om elevane skal fylgjast ytterlegare opp når dei er heime i ettermiddag, seier kommunalsjefen.

Powered by Labrador CMS