To sjukeheimar berørte
Både ved omsorgssenter i Ølen og Etne er det dei siste dagane oppdaga tilfelle av motstandsdyktige gule stafylokokkar (MRSA). Tiltak er sett i verk for å hindra spreiing begge stader.
Ved omsorgssenteret i Ølen er så langt rundt 10 personar registrert smitta av MRSA. Ved omsorgssenteret i Etne gjeld det førebels berre éin tilsett. Fleire prøvar er sendt inn til analyse, så omfanget av smitten er ennå ikkje klarlagt.
— Ved omsorgssenteret i Ølen er det fleire bebuarar, pårørande og tilsette som er smitta, fortel kommuneoverlege Terje Kleiven i Vindafjord og ventar på svar frå fleire prøvar som er sendt inn.
Men inntil ei endeleg oversikt føreligg er vanlege smitteverntiltak sett i verk både i Etne og Vindafjord.