Konsentrert lytting til Ola Steinsland i Hordaland Sau og Geit. Frå venstre påtroppande leiar Dorthe Svantesvold, Kristin Silde Frønsdal, Else Merete Frette, Kristian Nordgård (skjult), Vidar Aastvedt og Oddbjørn Sande.

Rovdyr i fokus på årsmøte

Avtroppande leiar Vidar Aastvedt i Etne Sau og Geit fekk stemninga opp på årsmøtet. Den gode økonomien og mange premieringar var oppsida, og aukande tap av besetning for rovdyr var nedsida.

Publisert

På møtet blei stafettpinnen som leiar gitt til Dorthe Svantesvold som tek over eit aktivt lag med ein kvart million kroner på konto. 

Ein av dei som har vore med på å redusera tap av besetning er tjueto år gamle Sjur Håland. Han fekk premie for å ha felt flest revar med tjue dyr. Sjølv var han ikkje til stades, men far Geir Håland tok imot premien og det skein gjennom at han er og har vore ein god læremeister for sonen.

— Det er blitt eit interessant gjeremål for Sjur dette, og han er ute på jakt svært ofte. Han legg ned mange timar til nytte for alle sauebøndene, seier Geir Håland.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS