Bli abonnent – få full digital tilgang!
OL-tilbod: Kun 1 kr ut mars!
• Alt innhald på grannar.no • eAvis
• Digitalt arkiv heilt frå 1973
• App med nyheitsvarsel
Deretter frå 159 kr/månad. Automatisk fornying.
Inga bindingstid. Du seier sjølv opp når du ønskjer.

KJØP

Du må logge inn for å lese artikkelen

Emma Bjelland Ingebrigtsen.

På tampen:

Gjer vi det meir komplisert enn nødvendig?

Publisert

Førre sommar sat eg i solveggen med ei av dei mange fagbøkene mine i fanget. Boka handla om kor viktig det er å vere til stades i nuet. Eg las konsentrert og streka under det eg syntest var viktig. Eg ville lese meg til å bli meir til stades. Finne metoden. Forstå kvifor det var så vanskeleg, og kva eg burde gjere annleis. 

Eg las mykje den sommaren. Bøker om sjølvutvikling. Eg ville forstå meg sjølv betre. Bli klokare på meg sjølv og livet. Ein betre utgåve av meg sjølv, slik alle desse heltane på Instagram seier så fint. 

Men etter kvart kjende eg at noko kjendest feil. For i staden for å kjenne meg meir roleg, vart eg meir merksam på alt som ikkje fungerte. Tankar eg burde jobbe meir med. Reaksjonar eg burde forstått betre. Det var som om alt eg las, peika på manglar og ikkje på det som faktisk var der. Kanskje eg gjorde det meir komplisert for meg sjølv enn nødvendig?

Powered by Labrador CMS