Skjold barnehage ved eit tidlegare høve
ARKIV/NILS TOKHEIM
Får over 230.000 kroner til integrering i barnehagar
Dette kjem fram i eit tilskotsbrev frå fungerande
avdelingsdirektør Stig Lovde Janbu og seniorrådgivar Else Karin Håseth Berg i
Udir datert 11. mars.
Støtta kjem som følgje av
at det er 74 minoritetsspråklege barn i barnehagane i Vindafjord, noko som gir
eit tilskot på 3.111,41 kroner per barn. Dermed oppfyller kommunen krava om at
delen av barna i barnehage som er minoritetsspråklege, er over ti prosent og
fleire enn 50.