Arkivfoto
TORSTEIN TYSVÆR NYMOEN
Dømt for høg fart i 50-sone – mistar førarkortet i eitt år
Hendinga skjedde i november i fjor, i Haugesund.
Politiet hadde då plassert seg i ei busslomme langs vegen då dei høyrde mykje
motorlyd og observerte to bilar som kom køyrande sørover. Ifølgje politiet
akselererte den eine bilen ut frå rundkøyringa i området. Politiet køyrde etter
bilen og målte farten til 85 kilometer i timen over ei strekning på rundt 500
meter. Fartsgrensa på staden er 50 kilometer i timen. Bilen blei kort tid etter
stoppa ved Burger King i området.
Nekta for målinga
Mannen forklarte i retten at han ikkje var einig i
fartsmålinga. Han meinte sjølv at farten låg rundt 60 kilometer i timen. Under
forklaringa opplyste han at speedometeret i bilen skal ha slutta å fungera ei
kort stund. Då det byrja å fungera igjen, meinte han at det viste rett under 70
kilometer i timen. Han hevda også at speedometeret i bilen vanlegvis viser
nokre kilometer i timen for mykje. Ei kvinne som sat på i bilen støtta
forklaringa hans i retten. Ho forklarte at ho opplevde farten som rundt 60–65
kilometer i timen.